Sigurd Christiansen

From Wikipedia, the free encyclopedia

Sigurd Christiansen
Remove ads

Sigurd Wesley Christiansen (17. november 189123. oktober 1947) var ein norsk postmann og kulturkonservativ forfattar, fødd og død i Drammen. Som forfattar var han ein «uvanleg djuptloddande psykolog». Hovudpersonane i verka hans strir ofte «med skuldkjensle og religiøs» tvil, og finn ro gjennom moralske prøvingar og offer.

Kjappe fakta
Remove ads

Forfattarskap

Christiansen debuterte med romanen Seieren i 1915, og gav i åra framover ut både romanar, fleire skodespel og ei novellesamling. Romantrilogien Indgangen, Sverdene og Riket kom ut i tida 1925-29 og handlar om ein kunstnar som «rømer frå småbyen, men vender tilbake og lærer forstå menneska der, og når sjølv til soning og fred».

I 1931 vart Christiansen landskjend då romanen To levende og en død vart tildelt fyrsteprisen i 'Den nordiske romankonkurranse 1931'. Prisen var på kroner 10 000. Romanen, som vart filmatisert fyrste gongen i 1937, set ekte mot opp mot falskt mot.

Utover 1930- og 40-åra kom nye romanar der Christiansen tok opp ulike etiske spørsmål. I trilogien Drømmen om livet, Det ensomme hjerte og Menneskenes lodd, utgjeven 1935-45, skildrar han «korleis ei kunstnarsjel faldar seg ut». Han vart tildelt Gyldendals legat i 1940.

Christiansen var postfunksjonær ved Drammen postkontor til han i 1945 fekk diktarløn.

Remove ads

Verkliste

  • Seieren (1915)
  • Offerdøden : skuespil i fire akter (1919)
  • Døperen (1921)
  • Indgangen (1925)
  • Edmund Jahr (1926)
  • Sverdene (1927)
  • Riket (1929)
  • To levende og en død (1931)
  • En reise i natten (1931)
  • Dydens have (1932)
  • Agner i stormen (1933)
  • Drømmen og livet (1935) – trilogien om Jørgen Wendt, 1
  • Det ensomme hjerte (1938) – trilogien om Jørgen Wendt, 2
  • Mannen fra bensinstasjonen (1941)
  • Menneskenes lodd (1945) – trilogien om Jørgen Wendt, 3
Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads