Drammen kommune
kommune i Buskerud fylke i Noreg From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Drammen (òg kalla Dramn) er ein bykommune i Buskerud fylke. Byen Drammen ligg på begge sider av Drammenselva der ho munnar ut i Drammensfjorden. Drammen hamn er ei naturleg hamn som har vorte brukt sidan vikingtida.
Bragernes på nordsida av Drammenselva og Strømsø-Kobberviktangen på sørsida av elva vart gjeve ein faktisk, men ikkje formell status som ladestadar i eit kongebrev frå 1636. Desse to ladestadane fekk i 1715 rettar som kjøpstadar kvar for seg. Kjøpstaden Drammen vart skipa i 1811 ved at Bragernes og Strømsø vert slege saman, og dette er rekna som grunnlegginga av den noverande byen Drammen. Stiftamtmann, statsråd og lagtingspresident Marcus Gjøe Rosenkrantz (1762-1838) var ein av dei som tok initiativet til å slå saman Bragernes og Strømsø til Drammen i 1811, og difor fekk Rosenkrantzgata i dei noverande administrative bydelane Bragernes og Åssiden namn etter han i samband med at byen vart hundre år i 1911. Den 1. januar 2020 slo Drammen, Svelvik og Nedre Eiker seg saman til nye Drammen kommune.[1]
Drammen kommune har innbyggjarar, men byen har vakse slik at han strekker seg inn i nabokommunane Lier, Asker og Øvre Eiker. Tettstaden Drammen har difor 124 540 innbyggjarar per 1. januar 2024 og er dermed den femte største i Noreg.
Remove ads
Namnet
Namnet er ei forvansking av det gamle namnet «Drafn», som var namnet på den inste delen av Drammensfjorden, 'fn'-leddet har som på dei fleste plassane austafjells blitt til 'mn'. Vidare har det blitt sett inn ein vokal for å forenkle uttalen av 'mn'-leddet.

Foto: Knut Arne Gjertsen
Foto: Knut Arne Gjertsen

Foto: Knut Arne Gjertsen
Remove ads
Utdanning
Institusjonar
- Drammen Travbane
- Drammens Museum
- Drammens Teater
- Drammens Tidende
- Drammenshallen
- Union Scene
- Aass Bryggeri
Kjende drammensarar
- Hanna Winsnes (1789-1872)
- Johan Halvorsen (1864-1935), komponist
- Sigurd Christiansen (1891-1947), forfattar
- Triztán Vindtorn (1942-2009), lyrikar
- Tor Bomann-Larsen (f. 1951), teiknar og forfattar
- Kim Christiansen (f.1976), snøbrettkøyrar
- Johann Olav Koss (f. 1968), skøyteløpar
- Charles Mathiesen (1911-1994), skøyteløpar
- Sten Einar Stensen (f. 1947), skøyteløpar
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads


