Artisten Bendik

norsk songar From Wikipedia, the free encyclopedia

Artisten Bendik
Remove ads

Silje Halstensen (fødd 4. mai 1990[1]) er ein norsk musikar kjend under artistnamnet Bendik.[2] Ho har gjeve ut fire musikkalbum, og vart nominert til Spellemannprisen i 2014, 2016 og 2019.[1][3][4]

Kjappe fakta Fødd, Fødestad ...
Remove ads

Biografi

Halstensen vart fødd i Bergen, der ho budde til ho var sju år og flytta med mor si til Bodø. Faren Atle Halstensen valde å vere i Bergen, sidan han hadde jobb i TV2 der.[5][6] Halstensen gjekk musikklinja på Bodø vidaregåande skule. Her gjekk ho i klasse med blant andre Petter Unstad frå bandet Kråkesølv og Sondre Justad. I tillegg er agenten for både Bendik og Sondre Justad frå same klasse.[7] Halstensen har ein bachelorgrad i musikkteknologi frå NTNU.[8] Ho er vokalist, gitarist og låtskrivar.[8] Musikalsk held ho til i landskapet mellom elektronika og pop.[9]

I 2007 starta Halstensen den årlege festivalen Kjerringråkk i Bodø, i samarbeid med Ingeborg Selnes.[10] Interessa for konsertarrangement og festivalen er noko som har vorte levande. Sidan 2012 har Halstensen jobba i Øyafestivalen, fyrst som PR-assistent, deretter som scenekoordinator og sidan 2015 har ho jobba som artistansvarleg.[11] Halstensen var dagleg leiar i AKKS frå 2014 til 2016.[12]

Etter vidaregåande skule studerte Halstensen musikkproduksjon på NTNU i Trondheim. Medan Halstensen studerte i Trondheim vart ho plukka ut av Mari Garås Monsson, som på den tida jobba ved Urørt-redaksjonen, fyrst som «anbefaler», og seinare vart songen «Igjen» vald til «Ukens Urørt» ved NRK Urørt.[13][14] I etterkant har Halstensen sagt i eit intervju med Kulturstripa, at hadde det ikkje vore for ​​merksemda frå Urørt, ville ho vald å slutte med musikk heilt. Akkurat der og då følte ho nemleg at utdanning var for vanskeleg.[15] Merksemda for «Igjen» leia Bendik til finalist i Urørt-finalen 2012 saman med Lemâitre, Overthrow og Mikhael Paskalev. Sidan Halstensen var 14 år har Urørt-finalen vore ein draum for ho. Musikkteknologisk utdanning vart fullført og i løpet av same året vart debutalbumet òg gjeve ut.[16]

I samband med utgjevinga av «For seint» sende Bendik òg ut eit nyheitsbrev om songen, der ho skreiv følgjande: «Jeg skrev teksten til den i en en periode jeg kjente mye på savn og en sorg over at enkelte ting i livet ikke var helt sånn som jeg hadde tenkt at det skulle bli.»[17]

Remove ads

Artistnamnet «Bendik»

Som tenåring starta Halstensen eit band saman med Henriette Tryggestad og Katarina Efstathiou. Dette bandet kalla dei «Laura».[18] Medan Halstensen leitte etter eit godt bandnamn stansa ho opp ved «Bendik», og såg høvet for å opprette e-postadressa Laura elskar Bendiks alfakrøll punkt kom.[19] Halstensen har oppgjeve at ho valde «Bendik» framfor andre guttenamn blant anna fordi ho har eit syskenbarn som heiter det same: «Jeg finner et slags ro i å hete Bendik.».[2] På NRK Urørt-profilen til «Bendik», vert både «Bendik» og «Laura» skrivne med eit punktum på slutten.[14][20] Som medlem av «Laura» la ho merke til korleis dei vart handsama på grunn av kjønnet sitt. Då Halstensen var 18 år bestemte ho seg for å prøve seg som soloartist, og då tok ho i bruk «Bendik» som artistnamn.[21]

Det er to musikalske interesser som òg ligg bak artistnamnet. I tidleg alder hadde Spice Girls med si «Girl Power»-haldning gjort sterkt inntrykk på Halstensen og då ho seinare flytta til Bodø, oppdaga ho hardcore-punken med deira DIY-idéar.[5] Desse to tinga fekk Bendik til å ville gjere ting på eiga hand. Då det seinare var tid for konsertar, la ho merke til ei haldning frå lydteknikarane og journaliststudentane som ho ikkje likte. Dei gjekk ut frå at ho ikkje kunne gjere noko med å rigge opp instrument og gav negative meldingar utan å ha sett konserten. Difor ynskte ho å skape forvirring med eit mannsnamn om kven som stod på scena.[15] I eit intervju frå 2016 sa Bendik at ho enno kunne oppleve denne haldninga.[19]

Remove ads

Diskografi

Studioalbum

  • Drømmen gjør meg ingenting (2012)
  • No går det over (2014)
  • Fortid (2016)
  • Det går bra (2019)
  • Sove (2020)

Singlar

  • «Stille»(2011)
  • «Og at den som miste drømmene skulle bli meg» (2012)
  • «Forsvinne» (2012)
  • «Jeg tror det blir bra igjen» (2013)
  • «Hjertebank og kulde» (2014)
  • «Slippe» (2014)
  • «Siste gang» (2015)
  • «Knust glass» (2015)
  • «Kriger» (2016)
  • «Fortid» (2016)
  • «Perfekt» (2018)
  • «Tro meg» (2018)
  • «Din hånd» (2019)
  • «Bror» (4 minutt, Petroleum Records, 2019)
  • «For seint» (2020)

Utmerkingar og nominasjonar

Meir informasjon År, Pris ...
Remove ads

Referansar

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads