Sondre Justad
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Sondre Justad (fødd 15. oktober 1990) er ein norsk artist og låtskrivar frå Henningsvær og Borg i Lofoten. I oktober 2015 gav han ut debutalbumet Riv i hjertet.
Remove ads
Biografi
Justad gav ut sin fyrste singel, «Nu har du mæ», i 2014 på Petroleum Records. I februar og juni 2015 følgde han opp med singlane «Det e over» og «Tilbake», som begge fekk høg radiorotasjon og tok han til TV-program som VG-lista Topp 20 og Senkveld på TV 2. Samstundes byrja han å gjere seg merka som liveartist, og sommaren 2015 spela han på ei rekkje store festivalar.
Det verkelege gjennombrotet kom hausten 2015, med debutalbumet Riv i hjertet, som vart liggjande på VG-lista i over eit år med ein 6.-plass som beste plassering.[1] Albumet fekk terningkast fem av Aftenposten, Dagsavisen, Avisa Nordland og Fædrelandsvennen. Foran Spellemannprisen 2015 vart Justad nominert i tre klasser: popsolist, årets album og årets nykommer for albumet.[2] Justad fekk Tekstforfatterfondets lyspunktpris for 2015 og vart nominert i klassene årets liveartist og årets låt under P3 Gull i 2016.[3] Seks av låtane på albumet vart lista på nasjonal radio, og tittelsporet «Riv i hjertet» vart den mest spelte norskspråklege låten i 2015.[4] Fem av singlane selde til gull, og éin til platina.[5]
Frå oktober 2016 tok Justad pause på ubestemt tid. Han ville gje seg sjølv tid til å fokusere på nye låtar og vegen vidare. Nesten nøyaktig eitt år seinare vart låtane «Ingenting» og «Paradis» slopne. «Paradis» vart A-lista hos både NRK P3 og NRK P1, og framført både på Senkveld (TV 2) og P3 Gull (NRK). Også hans tredje singel, «Gjør det igjen» fekk høg radiorotasjon, og vart framført på Lindmo på NRK1. 23. mars 2018 kom andrealbumet til Justad, Ingenting i paradis. For albumet og låten «Ikke som de andre» fekk han fire nominasjonar foran Spellemannprisen 2018: popartist, årets album, årets musikkvideo og årets låt.[6] Han fekk Gammleng-prisen i klassen populærmusikk for 2019 og vart nominert i klassene årets liveartist og årets låt for «Fontena på Youngstorget» foran P3 Gull 2019.[7] [8][9] I 2021 gav han ut singelen «Sorry» saman med Musti. For videoen til låten, som vart regissert av Julian Vargas og Eirik Svensson, vart han nominert til Spellemannprisen 2021 i klassen årets musikkvideo.[10]
Ved sida av musikken har Justad engasjert seg i miljø og politikk. Han har blant anna jobba for å hindre olje- og gassutvinning utanfor Lofoten, Vesterålen og Senja[11], og har fleire gongar uttala seg kritisk om Noregs handtering av flyktningkrisen.[12][13]
Under eit intervju i TV-programmet Lindmo 24. mars 2018, skapa Justad overskrifter då han stod fram som bifil og uttala: «Jeg har kjent på at jeg rommer mer, at kjærligheten er større. Jeg kjenner på at … Jeg tror ikke det trenger å være damer eller menn for min del. Det kan hende det går bra med begge deler. At det bor noe mer der.»[14]
Remove ads
Diskografi
- Album
- Riv i hjertet (2015)
- Ingenting i paradis (2018)
- Singlar/EP-ar
- Nu har du mæ (2014)
- Det e over (2015)
- Tilbake (2015)
- Riv i hjertet (2015)
- Tida vi bare va (2016)
- Ingenting (2017)
- Paradis (2017)
- Gjør det igjen (2018)
- Ikke som de andre (2018)
- Fontena på Youngstorget (2019)
- Sorry (2021) - sammen med Musti
- Chill litt (2021)
- Pause fra mæ sjæl (2021)
- Deltek på
- RSP & Thomax: Dykkersyke (2015)
Referansar
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads