Silkefuglar
familie av sporvefuglar From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Silkefuglar er ein liten familie, Ptilogonatidae, av sporvefuglar. Familien inneheld berre fire artar i tre slekter. Familien er kalla opp etter den silkeaktige fjørdrakta som desse fuglane ber. Dei finst hovudsakleg i Sentral-Amerika frå Panama til Mexico, men éin art, svartsilkefugl, har utbreiing vidare nordover inn i det sørvestlege USA. Dei er stort sett standfuglar, men svartsilkefugl er trekkfuglar i den nordlege delen av utbreiingsområdet.[1]
Dei er nært i slekt med sidensvansar, som òg har ei mjuk silkeaktig fjørdrakt. Silkefuglar er vanlegvis grå eller ljos gul i farga. Alle artane, med unntak av svarthovudsilkefugl, har små toppar. Dei varierer i storleik frå 18 til 25 cm i lengd og er for det meste slanke fuglar, igjen med unntak av svarthovudsilkefugl. Alle artane i denne familien syner kjønnsdimorfisme både i fjørdraktfarga og i å ha ein lengre stjert. Ungfuglar av begge kjønn har liknande farger i fjørdrakta som hofuglen.[1] Desse fuglane et frukt og insekt, og svartsilkefugl er spesielt avhengig av ørkenmisteltein, Phoradendron californicum.
Dette er fuglar med habitat i ulike typar skog, halvørken med tre for svartsilkefugl, og dei hekkar i tre.
Dei var tidlegare gruppert med sidensvansar og daddelfugl i familien Bombycillidae.
Remove ads
Artsliste
Parulaer i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.8 frå august 2013[2] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler.[3]
Slekt Phainoptila
- Svarthovudsilkefugl, Phainoptila melanoxantha, Black-and-yellow Silky-flycatcher, LC, Salvin, 1877
Slekt Ptilogonys
- Gråsilkefugl, Ptilogonys cinereus, Gray Silky-flycatcher, LC, Swainsn, 1827
- Gulhovudsilkefugl, Ptilogonys caudatus, Long-tailed Silky-flycatcher, LC, Cabanis, 1861
Slekt Phainopepla
- Svartsilkefugl, Phainopepla nitens, Phainopepla, LC, Swainson, 1838
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads