Silvia av Sverige
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Silvia (fødd Silvia Renate Sommerlath, 23. desember 1943) er dronning av Sverige og gift med kong Carl XVI Gustaf av Sverige.
Silvia Sommerlath vart fødd i Heidelberg i Tyskland under andre verdskrigen, som einaste dotter til direktør Walther Sommerlath og den brasilianske kona hans Alice, fødd de Toledo.
Silvia tok studentereksamen i Düsseldorf i 1963 og under andre halvdel av 1960-talet utdanna ho seg til tolk i München. Ho arbeidde ei tid på Argentina sitt konsulat i München, deretter arbeidde ho med førebuingane til Sommar-OL 1972 i byen. I 1973 vart ho viseprotokollsjef for organisasjonskomitéen for Vinter-OL 1976 i Innsbruck i Austerrike.
Under dei olympiske leikane i München trefte Silvia den dåverande kronprinsen i Sverige, Carl Gustaf, og den 12. mars 1976 vart forlovinga deira kunngjort. Dei gifte seg 19. juni 1976 i Storkyrkan, domkyrkja i Stockholm, og fekk borna Victoria, Carl Philip og Madeleine.
Dronning Silvia vart tildelt Storkrossen av St. Olavs Orden i 1982.
Remove ads
Titlar
Hennar Majestet Dronning Silvia av Sverige
Galleri
- Våpen
- Monogrammet til dronning Silvia
- Fellesmonogrammet til kong Carl XVI Gustaf og dronning Silvia
- Dronning Silvia og Kong Carl XVI Gustaf ankom Konserthuset i Stockholm i Sverige, dagen før bryllaupet til Kronprinsesse Victoria og Daniel Westling (no Prins Daniel), 18. juni 2010
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads