Carl Philip av Sverige
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Carl Philip (fødd 13. mai 1979) er prins av Sverige, hertug av Värmland og tidlegare kronprins av Sverige. Han er einaste son av kong Carl XVI Gustaf av Sverige og dronning Silvia av Sverige. Carl Philip vart fødd som kronprins, men gjennom ei grunnlovsendring i 1980 vart den agnatiske tronfølgja oppheva, og den eldre systera hans prinsesse Victoria av Sverige vart dermed næraste tronarving. Carl Philip har også ei yngre syster, prinsesse Madeleine av Sverige. Han vart trulova med den tidlegare glamourmodellen og Paradise Hotel-deltakaraen Sofia Hellqvist i 2014, og bryllaupet fann stad 13. juni 2015 i Slottskyrkan i Stockholm.[1][2]
Carl Philip er utdanna marineoffiser. Mellom dei mange ordnane hans finst også Storkrossen av St. Olavs Orden.
Remove ads
Namn og titlar
- 13. mai 1979-31. desember 1980: Den høgvørde kronprins Carl Philip Edmund Bertil av Sverige, hertug av Värmland
- 1. januar 1980–idag: Den høgvørde prins Carl Philip Edmund Bertil av Sverige, hertug av Värmland
Galleri
- Carl Philip av Sverige
- Våpen
- Monogram
- Prins Carl Philip køyrer ein Porsche 997 GT3 Cup i Sverige, 20. april 2008
- Prinsesse Madeleine og Prins Carl Philip ved Konserthuset i Stockholm i Sverige, dagen før bryllaupet til Kronprinsesse Victoria og Daniel Westling (no Prins Daniel), 18. juni 2010
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads