Silvio Berlusconi

From Wikipedia, the free encyclopedia

Silvio Berlusconi
Remove ads

Silvio Berlusconi (29. september 193612. juni 2023) var ein italiensk politikar og mediemagnat. Han var kjend for ei rekkje skandalar, men òg som Italia sin statsminister tre gongar: Frå 2001 til 2006, i ein kort periode frå 1994 til 1995, og frå 5. mai 2008 til 16. november 2011.[1]

Kjappe fakta Fødd, Død ...
Thumb
Silvio Berlusconi i 2005.
Remove ads

Bakgrunn

Berlusconi vart fødd i Milano. Han vart uteksaminert frå universitetet i Milano, der han hadde studert rettsvitskap.[2] Berlusconi skal ha ein formue på 5,6 milliardar dollar, og vert rekna som den 432. rikaste personen i verda, ifylgje Forbes.[3] Han har til saman fem born frå dei to ekteskapa sine.

Han var leiar for partiet Forza Italia som han grunnla sjølv då han byrja med politikk. Berlusconi eigde òg ein stor del av italiensk media og hadde gjennom desse gode moglegheiter til å påverke italiensk opinion. Han hadde dessutan interesser i mange andre delar av næringslivet. På slutten av 1970-talet byrja han i mediebransjen, og i 1980 starta han den fyrste kommersielle fjernsynskanalen i landet, Canale 5, og selskapet hans, Mediaset som kontrollerte tre av dei sju store fjernsynskanalane i Italia (Italia 1, Rete 4 og Canale 5). Han er hovudaksjonær i det største forlaget i Italia, Mondadori, og eig mellom anna forsikringsselskap og reklamebyrå. I tillegg eigde han fotballklubben AC Milan, men måtte selja han, likevel kjøpte han året etter ein ny fotballklubb, AC Monza.[4]

Skandalar

Under ei holocaust-minnemarkering hylla Berlusconi fascist-diktatoren Benito Mussolini, der han meinte at Mussolini gjorde mykje godt. Berlusconi forsvara til dømes alliansen Italia hadde med Tyskland under den andre verdskrigen. Seinare måtte han orsaka sine fråsegner.[5][6]

Han var tiltala for korrupsjon, maktmisbruk og kjøp av sex med mindreårige fleire gongar.[7][8] Likevel vart han berre dømd for korrupsjon og unnlate å betala skatt fleire gongar, mellom anna vart han i 2014 dømd for skattesvindel og vart nekta til å stilla til politiske verv fram til 2019. Han vart òg dømd for å ha bestikka ein tidlegare senator i 2015.[3][9]

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads