Simaisma
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Simaisma er ein liten kystby på austkysten av Qatar, 30 km nord for hovudstaden Doha.[1][2] Bygrensene vart dregne i 1988.[3] Denne byen er prega av gamle hus og moskéar frå tida før det vart funne olje og naturgass i Qatar.
Remove ads
Historie

J.G. Lorimer skildra Simaisma i Gazetteer of Gulf of Persia i 1908:
« |
Ein innmura landsby på austkysten av Qatar, inst i ei lita vik kring halvvegs mellom Lusail og Al Khor. Ein kilometer aust for landsbyen, heilt sør i vika, ligg landsbyen Al Daayen. Sumaismah er busett av kring 250 familiar i frå Al Bu Kuwarah-stamma [Kuwari], og nokre få er frå Kibisah-stamma [Qubaisi]. Her er 50 perlebåtar (bemanna av 600 mann), ti andre havgåande fartøy, og ti fiskebåtar. Buskapen består av seks hestar og 70 kamelar. Drikkevatnet kjem frå brunnane 'Awainat Bin-Husain, 6 km vestover: nær landsbyen ligg òg den vesle brunnen Khariqat Sumaismah, men vatnet her er bittert.[4] |
» |
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads