Simone Biles

From Wikipedia, the free encyclopedia

Simone Biles
Remove ads

Simone Arianne Biles (fødd 14. mars 1997) er ein USA-amerikansk turnar frå Columbus i Ohio som er femfaldig verdsmeister i mangekamp og olympisk meister 2016 i mangekamp. Åra 2013-21 sanka ho 25 VM-medaljar (19-3-3) og 7 OL-medaljar (4-1-2).

Kjappe fakta
Remove ads

Aktiv

Biles deltok i Turn-VM 2013 der ho sigra i mangekampen og frittståande. I 2014 vann ho gullmedaljar i mangekamp, frittståande, bom og i lagtevlinga med USA i Turn-VM 2014. Året etter forsvarte ho alle dei fire VM-titlane ved verdsmeisterskapen i skotske Glasgow. Under dei olympiske sommarleikane 2016 i Rio de Janeiro tok ho enno ein gong gullmedaljen i mangekampen og i frittståande, dessutan sikra ho seg gullmedaljar i hopp-øvinga i lagtevlinga. I Turn-VM 2018 vart Biles atter best i mangekampen og frittståande. Det same gjorde ho også i Turn-VM, i tillegg vann ho bom og hopp. Under Sommar-OL i 2021 trekte Biles seg frå mangekampen, men deltok i bom-øvinga og lagtevlinga, der ho enda opp med høvesvis bronse- og sølvmedalje.

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads