Sinj

From Wikipedia, the free encyclopedia

Sinjmap
Remove ads

Sinj er ein tettstad og ein bykommune i fylket Split-Dalmatia i Kroatia.[2][3] Sjølve byen har 10 771 innbyggjarar (2021), medan heile kommunen med dei omliggande landsbyane har 23 452 innbyggjarar.[1]

Kjappe fakta Land Fylke, Flatevidd ...
Thumb
Kommunen Sinj innanfor Split-Dalmatia fylke

Sinj er senteret for eit område kalla Cetinska krajina, ei gruppe busetjingar på den frodige karstsletta (Sinjsko polje) som elva Cetina renn over. Sinj ligg mellom fire fjell: Svilaja, Dinara, Kamešnica og Visoka. Fjella gjev Sinj eit særeige submiddelhavklima med varmare somrar og kaldare vintrar.

Remove ads

Historie

Byen voks opp kring ei gammal festning heldt av osmanarane frå 1500-talet til slutten av 1600-talet, og eit fransiskanarkloster med kyrkja Vår frue av Sinj (kroatisk Gospa Sinjska), ein pilegrimsstad.

Jubileet for den siste sigeren over den osmanske armeen i 1715 vert feira årleg i starten av august med Sinjska alka, ein ryttarkonkurranse.

Folketal

Dei største busetnadene i kommunen ved dei siste folketeljingane var:

Meir informasjon Folketal 2001, Folketal 2011 ...

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads