Sipylos

From Wikipedia, the free encyclopedia

Sipylos
Remove ads

Spil (tyrkisk Spil Dağı), i antikken Sipylos (gammalgresk Σίπυλος) er eit fjell på 1513 moh. som er rikt på segner og historie. Det ligg i provinsen Mansia i Tyrkia, i det som brukte å vere hjartet i Lydia og det som i dag er Egearregionen i Tyrkia.

Kjappe fakta Land, Provins ...
Remove ads

Toppen ligg nær den moderne byen Manisa og vegen mellom İzmir og Manisa. Fjellet Yamanlar, som ligg ovanom İzmirbukta, har ofte vorte rekna som eit framhald av Sipylos-massivet, og deler mykje av historia til dette fjellet, sjølv om det i røynda er ein utdøydd vulkan med ei heilt anna geologisk soge.

Ein statue av Kybele skoren ut i stein frå seint på 1000-talet fvt. står nær Sipylus, fleire kilometer aust for Manisa. Fjellet vart rekna som ein av yndlingsjaktområda til modergudinna. I følgje ei gammal segn vart skulpturen skoren ut av Broteas, sonen til Tantalus.

Namnet Sipylos eller Sipylum er nemnd av Plinius den eldre, med støtte av andre kjelder, som staden der den kjende byen Tantalis låg[1] eller Tantalus. Byen låg på eller særs nær fjellet, og ruinane var visstnok synleg i tidlegare tider.[2]

Remove ads

Kjelder

Loading content...

Bakgrunnsstoff

Loading content...
Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads