Siri Kristiansen

From Wikipedia, the free encyclopedia

Siri Kristiansen
Remove ads

Siri Kristiansen (fødd 15. juni 1978) er ein norsk stand up-komikar og radioprogramleiar busett i Son. Ho har vore med i P3-programma P3morgen, Lørdagsrådet og Verdensherredømme, satireprogrammet DeskenNRK3 og TV 2 sitt ungdomsprogram Sone 2. Hausten 2010 var ho vikar for Linn Skåber i Nytt på nytt.

Kjappe fakta

Kristiansen leidde òg TV-versjonen av Lørdagsrådet, RådetNRK3, som hadde premiere 31. oktober 2013. Programmet vart fornya med sesong 2 som starta 10. april 2014.[1]

Siri Kristiansen er utdanna ved tekstforfattarlinja på Westerdals Oslo School of Arts, Communication and Technology. I 2004 gav ho ut boka Siris DagbokKagge Forlag. Boka handla om ungdomstida hennar, og vekte debatt på grunn av eksplisitte skildringar av seksualitet blant tenåringar.[2]

Frå 2. februar til 25. juni 2015 leidde Kristiansen radioprogrammet Befokningen på NRK P13 saman med Steinar Sagen.[3]

Frå 9. januar 2017 leia ho radioprogrammet Plenum på NRK P13 saman med Aleksander Schau og Thomas Aune.[4]

Seint i 2017 slutta Kristiansen i NRK for å gå over til Radio1/Radio Norge. Her blei ho programleiar for Siri og de gode hjelperne.[5]

Kristiansen gifta seg med Espen Bjurstedt den 22. juni 2020, etter å ha vore sambuar med han i 13 år. Dei har to barn.[6]

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads