Siril Helljesen
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Siril Helljesen (fødd 14. oktober 1978) er ein norsk dressurryttar. Ho tevlar for Follo Hestesportklubb og er busett på Vinterbro i Ås kommune.
Siril Helljesen har gått på rideskule og ridd for instruktør frå ho var i 12-årsalderen. Ho har gode resultat frå diverse dressurritt-tevlingar, og deltok for fyrste gong under sommar-OL 2012 i London saman med hesten «Dorina».[1] Etter å ha fått underkjent ei øving då hesten vart skremt og fatta feil galopp, fekk ekvipasjen 69,985 på dressurprogrammet i kvalifiseringsrunden. Ekvipasjen var best av dei som vart slått ut, og berre 0,410 skilde dei frå å gå vidare i tevlinga.[2] Dette var fyrste gong sidan 1956 at ein dressurryttar deltok for Noreg i olympiske leikar.[3]
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads