Sirkulatorisk sjokk

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Sirkulatorisk sjokk, oftast kjent som sjokk, er ein livstrugande medisinsk tilstand som oppstår som følgje av manglande substrat i den aerobe celleandinga.[1] I byrjinga plar det å innebere utilstrekkelig oksygen i celleveva.[2]

Dei vanlege teikna på sjokk er lågt blodtrykk, raske hjarteslag og teikn på dårleg blodgjennombløding (perfusjon) i organa (til dømes lite urin, forvirring og umedvitne). Stundom er blodtrykket stabilt sjølv om personen er i sirkulatorisk sjokk, så lågt blodtrykk er ikkje alltid eit påliteleg teikn.[3] Ein av farene ved sjokk er at det virkar gjennom positiv tilbakekopling. Når sjokket oppstår plar det å forverrast, og snarleg behandling er kritisk for å redda livet.[3]

Sirkulatorisk sjokk er ikkje det same som mentalt sjokk, som er ein psykologisk tilstand som oppstår etter skremmande eller traumatiske hendingar.

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads