Sissel Horndal
norsk samisk illustratør og forfattar From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Sissel Horndal (fødd 17. februar 1970)[1] er ein norsk biletkunstnar, grafisk designar, illustratør og forfattar frå Mørsvikbotn.[2]
Horndal er utdanna i måleri frå Nordland Kunst- og Filmskole i Kabelvåg og i grafisk design og illustrasjon frå Kunsthøgskolen i Bergen.[3][4] Ho driv firmaet Rabarbra Bokmakeri og arbeider som bildekunstnar og illustratør. Tidlegare har ho arbeidd med scenografi og kostyme i teateroppsetjingar og i reklamebyrå.
Ho debuterte som forfattar i 1998 med bildeboka Ei halspastill-historie som ho hadde både skrive og illustrert. Horndal fekk Nynorsk barnelitteraturpris for boka.[5] Same året kom kokeboka Ro, ro til fiskeskjær som ho hadde laga saman med kokken Mareno Storeide. I 2000 kom biletboka Eg er ikkje trøtt og i 2008 kom Himmelspringaren. Den sistnemnde fekk ho også Nynorsk barnelitteraturpris for.[6] I tillegg har ho illustrert bøker frå fleire andre forfattarar, mellom dei fleire samiske barnebøker.
Remove ads
Utgjevingar
Skrive og illustrert
- 1998 – Ei halspastill-historie – barnebok (bildebok), Samlaget (nynorsk)
- 2000 – Eg er ikkje trøtt – barnebok (bildebok), Samlaget (nynorsk)
- 2008 – Himmelspringaren – barnebok (bildebok), Mangschou, Bergen (nynorsk)
- 2010 – Stallo og sølvmånen – lydbok, opplesen av Eirin Edvardsen
- 2014 - Historia om alfabetet – bildebok, Rabarbra Bokmakeri, Mørsvikbotn (nynorsk)
- 2014 - Hokus pokus 1-2-3 – barnebok, Mangschou, Bergen (nynorsk)
- 2015 - Sølvmånen – billdebok, Forfatternes Forlag (bokmål)
- 2019 - Fra stjernene til livet : en fortelling fra samisk mytologi – barnebok, Iđut, Billefjord (bokmål)
Illustrert
- 1998 – Mareno Storeide: Ro, ro til fiskeskjær
- 2002 – Gøran Andersen: Stuorlådde
- 2003 – Knut Tore Andersen: Gå skirri sádá
- 2005 – Kine Hellebust: Ho Kirsti og eg
- 2005 – Siv-Ingunn Kintel og Adele Nystø Ráhka: Lávllaga
- 2006 – Kaia Kalstad: Giella Fábmo 4, Giella Fábmo Barggogirjje
- 2007 – Karin Kinge Lindboe: Døden i døra
- 2008 – Anne Osvaldsdatter Bjørkli: Huskereisa
- 2009 – Sissel Gaup: Sánit ráidalasas 1
- 2009 – Sissel Gaup: Sánit ráidalasas 2
- 2009 – red. Anders Kintel og Kåre Tjihkkom: Subttsasa Nordlándas
- 2011 – Knut Tore Andersen: Sjáŋŋarlåhkåmgirjje
- 2011 – Signe Iversen: Mánugánda ja Heike
- 2011 – Harald O. Lindbach: Logan vel eambbo
- 2011 – Karen Anne Buljo: Nieidagorži
- 2011 – Gunn Hild Lem: Måneskinnslandet
- 2011 – Liv Andersen og Egil Hyldmo: Folket som kunne fly
- 2011 – Ardis R. Eriksen: Sápmái go?
Remove ads
Prisar og utmerkingar
- 1998 – Nynorsk barnelitteraturpris for Ei halspastill-historie
- 2008 – Nynorsk barnelitteraturpris for Himmelspringaren
- 2015 – Blixprisen for det barnelitterære forfattarskapet sitt.[7]
- 2018 - Kulturpris for Sørfold
Referansar
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads