Sister av S!sters
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«Sister» (norsk: syster) er ein tysk popsong frå 2019 som vert framført av duoen S!sters. Songen vann musikktevlinga Unser Lied for Israel og var det tyske bidraget i Eurovision Song Contest 2019 i Tel Aviv i Israel. Songen er skriven av Laurell Barker, Tom Oehler, Marine Kaltenbacher og Thomas Steengard.

Remove ads
Bakgrunn
«Sister» vart skriven av låtskrivarane Laurell Barker, Tom Oehler, Marine Kaltenbacher og Thomas Steengard under ein låtskrivarkonferanse i Sveits i 2018. Songen var tiltenkt den sveitsiske uttakinga, men han vart ikkje plukka ut til uttakinga.[1] Songen vart i staden send til den tyske nasjonale finalen i 2019, Unser Lied for Israel. Der deltok han i tevlinga med fire andre låtar og vann ein knapp siger i tevlinga. «Sister» vart dimed det tyske bidraget til finalen i Eurovision Song Contest laurdag 18. mai 2019.[2]
I finalen enda «Sister» nest sist, som nummer 25 av 26 bidrag. Songen fekk 24 poeng frå juryane, og 0 poeng i telefonavrøystinga.[3][4]
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads