Sivas
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Sivas (tidlegare Sebaste og i antikken Sebasteia) er ein by aust i det sentrale Tyrkia og administrativt sete for provinsen Sivas. Byen har kring 425 000 innbyggjarar og ligg 350 km aust for Ankara.
Byen ligg 1285 meter over havet i ein vid dal som elva Kızılırmak renn gjennom og er eit handels- og industrisenter, sjølv om økonomien tradisjonelt sett har vore basert på jordbruk. Sivas er òg eit vegknutepunkt for vegane nord-sør og aust-vest til Irak og Iran. Byen har hatt universitet sidan 1974.
Sivas, det romerske Sebasteia, var ein viktig by i romersk, bysantinsk og seldsjukkisk tid. Tidlegare var det ei stor armensk folkesetnad her, fram til folkemordet på armenarane under første verdskrigen. Nasjonalistkongressen i Sivas september 1919 innleia revolusjonen til Kemal Atatürk, som leia fram til grunnlegginga av det moderne Tyrkia .
Remove ads
Klima
Sivas har eit kontinentalklima (Köppen si klimaklassifisering: Dsa), med varme og tørre somrar og kalde og snørike vintrar. Dei tørraste månadane er juli og august og dei våtaste er april og mai.
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads