Sixpenny Handley

From Wikipedia, the free encyclopedia

Sixpenny Handley
Remove ads

Sixpenny Handley (uttalt /ˈsɪkspəni ˈhændli/) eller Handley er ein landsby og tidlegare eit civil parish nordaust i Dorset i England. Han er no del av parishet Sixpenny Handley and Pentridge. Han ligg på kalsteinsplatået Cranborne Chase 16 km nordaust for Blandford Forum. Ved folketeljinga i 2011 hadde parishet eit folketal på 1 233. Civil parishet blei avskaffa 1. april 2015 då det blei slått saman med Pentridge til Sixpenny Handley and Pentridge.[2]

Kjappe fakta Land, Fylke ...
Remove ads

Namn

Landsbyen var opphavleg kjend som Handley,[3] eller Handley St Mary.[4] Bruken av namnet Sixpenny Handley om landsbyen og soknet er relativt ny,[5] og er kjend frå midten av 1800-talet.[6]

Namnet Handley er avleidd frå gammalengelsk hēan, 'høg' og lēage, 'lysning'. Sixpenny blei lagt til for å skilja staden frå andre med namnet Handley, og viser til Sixpenny Handley Hundred, eit herad eller hundred fyrst nemnd på 1300-talet som Sexpenne et Henle. Heradet hadde namn etter Handley og ein stad kalla Sixpenny, no ein gard, sørvest i soknet Fontmell Magna.[7] Sixpenny blei fyrst skrive ned i 932 som Seaxpenn, og tyder 'saksaråsen' (frå gammalengelsk Seaxe og brythonsk penn). Åsen det er vist til er no kjend som Pen Hill og ligg aust for den moderne garden. Han var truleg ein gammal grensemarkør.[8]

Remove ads

Historie

På Woodcutts Common nord i soknet (vest-nordvest for landsbyen) ligg ein 4 acre stor romano-britisk funnstad frå jernalderen, truleg ein gard. Han blei groven ut av general Pitt Rivers i tida 1884–5.[9]

Den store brannen i 1892

20. mai 1892 brann store delar av landsbyen. Nesten to hundre menneske blei huslause, og det meste av landsbyen måtte byggast opp att. Velgjerarar sende gåver for å hjelpa landsbybuarane, og det blei gjeve så mange klede at det blei sagt ein kunne kjenna att ein mann frå Handley fordi han hadde på seg to-tre vestar.[10] Gåvmilda blei feira i 2014 med den Heritage Lottery–støtta Sixpenny Handley Waistcoat Festival.[11][12]

Remove ads

Religion

Soknekyrkja St Mary stammar frå 1300-talet. Ho er verna med Grade II*.[13] St Marys høyrer til Church of England Church. Kyrkjegarden blir driven avChurchyards project.[14][15]

Utdanning

Handley har ein barneskule som huser elevar frå førskule til fjerde klasse. Deretter går barna vanlegvis til Cranborne Middle School og så Queen Elizabeth's School i Wimborne Minster.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads