Sixten Jernberg
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Edy Sixten Jernberg (6. februar 1929–14. juli 2012) var ein svensk langrennsløpar. Han var ein av Sveriges mestvinnande langrennnarar gjennom alle tider, med ni OL-medaljar og seks VM-medaljar. Mellom 1956 og 1964 vann han eitt individuelt gull i kvar av dei tre olympiske vinterleikane og to ski-verdsmeisterskapane som vart arrangert. Fire gull kom på femmila, medan han i 1960 under vinter-OL i Squaw Valley vann 30-kilometeren. Dessutan var han med på dei svenske stafettlaga som vann VM-gull 1962 og OL-gull 1964.
Remove ads
Karriere
Jernberg var frå Lima i Malungs kommune i Dalarna og var heile si tid som aktiv medlem av Lima IF. Han vann femten individuelle gull under svenske meisterskap, og var med å sikre idrettslaget frå heimstaden fem SM-gull i 3x10 km stafett. Han døydde i Mora.
Medaljar i internasjonale meisterskap
- Ski-VM 1954 i Falun: Bronsemedalje på 4 x 10 km stafett
- Vinter-OL 1956 i Cortina d'Ampezzo: Gullmedalje på 50 km, sølvmedalje både på 15 km og 30 km, bronsemedalje på stafetten
- Ski-VM 1958 i Lahti: Gullmedalje på 50 km og stafetten, bronse på 30 km
- Vinter-OL 1960 i Squaw Valley: Gullmedalje på 30 km, sølvmedalje på 15 km
- Ski-VM 1962 i Zakopane: Gullmedalje på 50 km og på stafetten
- Vinter-OL 1964 i Innsbruck: Gullmedalje på 50 km og på stafetten, bronsemedalje på 15 km
Gullmedaljar i svenske meisterskap
- 1955: 15 km og 50 km
- 1956: 15 km, 50 km og 3x10 km stafett
- 1957: 15 km, 30 km, 50 km og 3x10 km stafett
- 1958: 15 km
- 1959: 15 km og 3x10 km stafett
- 1960: 15 km, 30 km, 50 km og 3x10 km stafett
- 1961: 15 km, 30 km og 50 km
- 1964: 3x10 km stafett
Jernberg vann Vasaloppet i 1955 og 1960. Han vart tildelt Svenska Dagbladets gullmedalje i 1956 og Holmenkollmedaljen i 1960.
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Sixten Jernberg» frå Wikipedia på bokmål, den 15. juli 2012.
Bakgrunnsstoff
- Sixten Jernberg i olympedia.org
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads