Sjøorm

From Wikipedia, the free encyclopedia

Sjøorm
Remove ads

Sjøorm eller sjøslange er store sjødyr kjende frå folketru og mytologi. Dei har form som ein kjempeslange og lever i innsjøar eller i havet. Nessie («sjøormen i Loch Ness»), Seljordsormen og Kraken er alle sjøormar. Frå tid til annan kjem det rapportar om lange, slangeliknande vesen i havet, nokre gonger blir dyra òg rapporterte observert av fleire menneske samtidig, særleg om bord i skip og på strender.

Thumb
Sjøorm etter Olaus Magnus: Historia de gentibus septentrionalibus. Roma 1555.
Thumb
Sjøormar er gigantiske sjødyr kjende frå folketru og mytologi. Førestillinga om Seljordsormen er kjend frå Seljordsvatnet og pryder også kommunevåpenet til Seljord kommune.

På 1800-talet blei det gjort fleire observasjonar av påståtte sjøormar ved atlanterhavskysten i USA, særleg i New England. Då New England sitt Linné-selskap heldt møte den 18. august 1817, klassifiserte dei dette vesenet og gav det namnet Scoliophis atlanticus. Etter ei tid blei desse rapportane avslørte som sprøyt.

Rapporter om sjøormar dukkar frå tid til annan opp som avisender i pressa.

Remove ads

Sjå òg

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads