Loch Ness

From Wikipedia, the free encyclopedia

Loch Nessmap
Remove ads

Loch Ness (skotsk gælisk Loch Nis) er ein stor og djup innsjø (loch) i det skotske høglandet, kring 37 km sørvest for Inverness. Loch Ness er mest kjend for ein sjøorm som skal halda til der, populært kalla «Nessie» etter namnet på sjøen. Mange hevdar å ha sett eit stort monster symjande i innsjøen, men det er ikkje prova at eit slikt vesen verkeleg finst. Det har vore organisert fleire store leiteaksjonar etter monsteret, men ingen har lukkast i å finna det. Frå ulike stader kring Loch Ness går det båtar, slik at turistar får høve til å sjå etter ormen.

Kjappe fakta Land, Innsjøtype ...
Remove ads

Geografi

Loch Ness er ein av fleire skotske sjøar som blei skorne ut av brear under tidlegare istider. I flatevidd er han den andre største sjøen i Storbritannia, etter Loch Lomond, og den største sjøen i den geologiske forkastinga Great Glen. I vassmasse har Loch Ness meir vatn enn alle innsjøar i England og Wales til saman. I tillegg til å vera ein stor og djup loch har Ness særs dårleg sikt på grunn av mykje torv i jordsmonnet rundt.

Sørvest i sjøen, nær Fort Augustus, ligg øya Cherry, ein crannog (menneskeskapt øy) frå jernalderen.

På breidda av Loch Ness ligg ruinane av Urquhart Castle. I landsbyen Drumnadrochit ligg eit utstillingssenter om sjøormen i Loch Ness.

Remove ads

Bruk av sjøen

Thumb
Fort Augustus-slusene med Loch Ness i bakgrunnen

Sjøen utgjer ein del av Den kaledonske kanalen. Han blir også brukt som lågare reservoar for vasskraftutbygginga Foyers, eitt av dei første av sitt slag i Storbritannia.

Bakgrunnsstoff

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Loch Ness


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads