Sjri

From Wikipedia, the free encyclopedia

Sjri
Remove ads

Sjri (IAST śrī, devanagari श्री), ofte skrive sri, er eit ord frå sanskrit brukt som noko eller nokon ein vil visa respekt. Ordet er utbreidd i Sør- og Søraust-Asia. Ordet tyder gjerne noko slikt som 'spreier lys' eller 'spreier venleik'. Det blir brukt om fleire guddomar, men også om personar og stader. Det er også namnet på to ragaer innan klassisk indisk musikk.

Thumb
Sjri skrive med singalesiske teikn.

På grunn av ulike uttalar og transkripsjonar kan ordet skrivast Sri, Shri, Shree, Sree, Seri, Siri og Si i ulike samanhengar. I nokre samanhengar kan ein repetera ordet ein eller to gonger for å uttrykka særleg stor respekt.

Thumb
Den indonesiske gudinna Dewi Sri.
Remove ads

Gudar

Tittelen «sjri» kan brukast framfor namnet til dei fleste gudar. «Sjri Ram» er ei vanleg helsing blant mange hinduar. Hindugudinna Laksjmi er også kjend som Sjri Devi (devi tyder gudinne), Mahasjri ('Store Sjri') eller berre Sjri, det siste er også blitt bruk om Sarasvati. Innan tibetansk buddhisme er vernargudinna Palden Lhamo også kjend som Sjri Devi. Dewi Sri er namnet på ei gammal indonesisk ris- og grødegudinne.

Thumb
Tempelport i Srirangam.
Remove ads

Stadnamn

Sjri i ulike variantar er brukt fleire stader. Dette er nokre døme:

Land

  • Sri Lanka tok dette namnet i 1972.
  • Srivijaya var namnet på eit tidlegare kongedøme på Sumatra i noverande Indonesia.

Byar og mindre område

  • Bandar Seri Begawan, hovudstaden i Brunei
  • Phra Nakhon Si Ayutthaya, formelt namn på byen og provinsen Ayutthaya i Thailand
  • Nakhon Si Thammarat, by og provins i Thailand
  • Sisaket, by og provins i Thailand
  • Sri Jayawardenapura Kotte, administrativ hovudstad på Sri Lanka
  • Sri Pada, singalesisk namn på Adamspiggen på Sri Lanka
  • Sriperumbudur, by i Tamil Nadu i Sør-India
  • Srirangam, del av byen Tiruchirapalli i Sør-India.
  • Srinagar, delstatshovudstaden i Jammu og Kashmir nord i India
  • Wat Si Saket i Vientiane i Laos
Remove ads

Personar

«Sjri» er brukt om ei rekkje personar, særleg religiøse leiarar. Dette er eit utval:

  • Sri Aurobindo (1872–1950), indisk tenkjar
  • Sjri Tsjaitanja (1486–1534), indisk reformator
  • Sri Sri Ravi Shankar, religiøs leiar, grunnleggjaren av Art of Living Foundation

Sjri (stava Sri, Shri, Shree osb.) kan vera førsteleddet i hinduiske namn, til dømes:

  • Srirangam Srinivasarao, kjend som Sri Sri, indisk diktar

Ting

«Sjri» blir ofte brukt framfor namnet til ting ein reknar som heilage, som tempel og bøker:

  • Sjri Bhasjya, hovudverket til hindutenkjaren Ramanudja
  • Sjri Bhagavatam, ein viktig hinduisk purana
  • Sjri Guru Granth Sáhib, den heilage boka til sikhane

Musikk

Sjri er namnet på ein raga i nordindisk hindustanimusikk og i sørindisk karnatisk musikk. Ein finn også ordet i namnet på andre ragaer, som bagesjri, dhanasjri, malasjri osb.

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads