Devanagari

From Wikipedia, the free encyclopedia

Devanagari
Remove ads

Devanagari (sanskrit देवनागरी devanāgarī, sett saman av deva, 'gud' og nāgarī, 'kultivert') eller nagari er eit skriftsystem som blir brukt til å skrive fleire språk på det indiske subkontinentet. Devanagari er ein abugida, det vil seie eit skriftsystem der kvar konsonant har ein ibuande vokal (konsonanten for k gjev ka), og konsonantane blir modifisert for å få andre sekvensar (ke, ko...).

Thumb
Aum er eit kjent symbol skrive med devanagari.

Ein kan bruka skrifta til å skriva ned fleire nordindiske språk, til dømes sanskrit, hindi, marathi, sindhi, bihari, bhili, konkani, bhodjpuri, nepali og av og til panjabi, kasjmiri og romani.

Remove ads

Historie

Devanagari, då kjent som nagari, oppstod rundt år 1200 frå siddhamskrifta. Det fortrengde gradvis den nærskylde sjaradaskrifta, men dei to skriftsystema blei brukte parallelt i Kashmir. Opphavet til begge var guptaskrifta, som igjen var avleidd av brahmiskrifta.

Bruken av devanagari som namn på språket ser først ut til å ha spreidd seg under kolonitida. Europeiske vitskapsfolk brukte berre denne skrifta til å gje ut verk på sanskrit, og etter kvart blei skrifta av mange sett på som den einaste rette for dette heilage språket — sjølv om det fanst tradisjon for å skriva språket med nær alle dei andre innfødde indiske skriftsystema.

Remove ads

Teikn

Vokalar

Meir informasjon Uavhengig form, Romanisert ...

Konsonantar

Meir informasjon स्पर्श sparśa (Plosiv), नासिक्य nāsikya (Nasal) ...

Konsonantligaturar

Hovudartikkel: Konsonantligaturar i devanagari

Talsymbol

Talsymbola i devanagari var forløparane til dei såkalla «arabiske tala», og dei representerer det første desimalsystemet.

0123456789
Remove ads

Devanagari i Unicode

I Unicode ligg Devanagari i U+0900 .. U+097F.

 0123456789ABCDEF
900
910
920
930ि
940
950क़ख़ग़ज़ड़ढ़फ़य़
960
970ॿ
Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads