Skalpell

From Wikipedia, the free encyclopedia

Skalpell
Remove ads

Ein skalpell er eit lite og veldig skarpt knivblad som blir brukt ved kirurgiske inngrep,[1] disseksjonar og i ulike kunsthandverk. Det finst skalpellar for eingongsbruk og for fleirgongsbruk.[1] Dei for fleirgongsbruk kan vere festa, lause, utbytbare, eller kvessbare. Eingongsskalpellar kjem ofte i form av eit plasthandtak med eit utstrekkbart blad, i likskap med ein tapetkniv, som blir kasta etter bruk. Ein tviegga skalpell blir gjerne kalla ein lansett.

Thumb
Ulike skalpellar. Den fyrste, andre og fjerde har utbytbare knivblad.

Skalpellblada er vanlegvis laga av herda og avherda stål, rustfritt stål eller høgkarbonstål. Andre vanlege material er titan, keramikk, diamant og obsidian. Ved MR-styrte inngrep er stålblada ubrukelege, fordi dei blir dregne mot magnetane og skapar biletartefakt. Gjennom historia har sølv vore det vanlegaste materialet for skalpellar, mykje på grunn av sine antimikrobielle eigenskapar. Nokre skalpellar er også kledd med zirkoniumnitrid langs knivegget for å auke skarpleiken og varigheita av kantskarpleiken. Andre skalpellar er trekt med polymer for å betre smøreevna ved innsnitt. Alternativ til skalpellar er elektrokauterisering og laserterapi.

Remove ads

Kirurgiske skalpellar

Thumb
Eingongsskalpell, bladnummer 15 (B. Braun).

Kirurgiske skalpellar er samansett av eit blad og eit handtak. Handtaket er ofte laga av haldbart stål, medan bladet er laga for å bytast ut. Ved medisinsk bruk blir bladet alltid byta etter bruk, sjølv etter små snitt.

Den todelte skalpellen blei patentert i 1915 av Morgan Parker. Parker, saman med kollegaen Charles Russel Bard, utvikla også ein metode for å kaldsterilisere skalpellen utan å sløvna bladet, i likskap med den varmebaserte metoden som blei brukt tidlegare.

Handtaket (skalpellhaldaren) kjem i to hovudformer. Det fyrste er flatt, slik som nr. 3 og 4. Handtak nr. 7 liknar meir på ein penn, og er avrunda framme og flat bak. Handtak nr. 4 er større enn nr. 3. Skalpellblada blir levert i spesifikke storleikar, så dei passar berre med utvalde handtak.

Meir informasjon Bladnummer, Kompatibel skalpellhaldar ...

Grepvariasjonar

Thumb
Handflategrep
Thumb
Blyantgrep

Handflategrep

Handtaket blir halde med andre, tredje og fjerde finger og sikra langs golvet av tommelen, medan peikefingeren strekker seg langs den øvre bakenden av bladet for å stabilisere og styre instrumentet. Dette grepet eignar seg godt for innleiiande eller store innsnitt.

Blyantgrep

Ofte brukt for presisjonssnitt med mindre blad (t.d. med handtak #15 og #7). Skalpellen blir halde med tuppen av tommelen og fyrste og andre finger, medan handtaket kvilar langs golvet mellom tomelen og peikefingeren. Handtaket bør ikkje ligge for langt mot peikefingeren, sidan dette kan medføra ustabilt grep og fingerkrampar.

Remove ads

Grafisk design og kunsthandverk

Thumb
Ein hobbykniv av typen X-Acto.

Skalpellar for grafisk design og modellering (gjerne kalla ein hobbykniv) har ofte runde handtak med teksturert grep (serratert metall eller mjuk plast). Desse er ofte oppkalla etter den mest kjende leverandøren, nemleg X-Acto. Bladet er vanlegvis flatt og rett, slik at det lett kan trekkast langs ein skalalinjal for å lage rette kutt.

Det finst mange ulike grafiske knivar. Den vanlegaste er truleg nr. 11, som liknar veldig på den kirurgiske skalpellen med same nummer. Andre bladtypar blir brukt til treskurd, og til å skjere i lær og tjukt stoff.

Remove ads

Skalpellar i antikken

  • Den indiske kirurgen Sushruta brukte ulike skalpellar til kirurgiske inngrep i 700 fvt.[2][3][4]
  • Dei gamle egyptarane brukte skalpellar av hardna obsidian til å lage innsnitta ved balsamering. Dette materialet er framleis i bruk.
  • Dei gamle romarane brukte meir enn 150 ulike kirurgiske instrument, medrekna skalpellar.[5]
  • Den indiske ayurvediske medisinen nemner bruken av kvasse bambusfliser.

Tryggleik

Sikkerheitsskalpell

Sikkerheitsskalpellar blir stadig meir populære. Det finst i hovudsak to typar: skalpellar med uttrekkbart blad og skalpellar med uttrekkbar slire.

Skalpellbladfjernar

Det finst ulike spesialiserte risikoavfallsboksar kjend som skalpellbladfjernarar, som gjer det lettare og tryggare å fjerne skalpellbladet frå handtaket, utan å måtte bruke fingrar eller forceps.

Prosedyre

Gode prosedyrar for bruk av sikkerheitsskalpellar og skalpellbladfjernarar kan potensielt bidra til å minska skalpellskadar.[6]

Remove ads

Sjå òg

  • laserskalpell
  • medisinsk utstyr

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads