Skansen stasjon
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Skansen stasjon er ein jernbanestasjon på Dovrebanen ved Ila i Trondheim. Stasjonen har status som haldeplass og vart opna i 1893. Stasjonen har i dag ikkje stasjonsbygning, men eit leskur og ei plattform, som er lokalisert 551,67 km frå Oslo sentralstasjon og berre 1,2 km frå Trondheim sentralstasjon. Skansen stasjon blir i dag betjent av lokaltog med Trønderbanen frå Norges Statsbaner i tillegg til regionstog mellom Trondheim og Røros.
Skansen stasjon ligg ved eit folkerikt område og er i dag den einaste stasjonen i Trondheim som har tilknyting til trikketilbodet frå Gråkallbanen. Stasjonen fungerer elles òg som stopp for rutebussar frå Nettbuss Trondheim.
Remove ads
Trikk
Trondheims einaste trikkelinje, Gråkallbanen, har haldeplass rundt 50 meter frå stasjonen og denne haldeplassen stammar frå Ilalinjen, som i 1893 var den første trikkestrekninga som vart bygd i Trondheim.
Bakgrunnsstoff
- Jernbaneverket si informasjonsside om Skansen
- Stasjonsoversikta til NSB
- Stasjonsdatabasen til Norsk Jernbaneklubb: Dovrebanen
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Skansen stasjon» frå Wikipedia på bokmål, den 28. april 2013.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads