Skeiand
fugleart From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Skeiand (Spatula clypeata, tidlegare Anas clypeata) er ein fugleart i andefamilien som hekkar i Holarktis frå Island til Sakhalin og i Nord-Amerika. Arten er ein trekkfugl.
Remove ads
Skildring
Hannfuglar er om lag 50 cm lang, hofuglar om lag 5 cm kortare. Hofuglen er brunspraglete, medan hannen har krittkvitt bryst, mørkegrønt hovud og raudbrun buk. Begge fuglane verkar framtunge i vatnet og nebbet peikar ofte nedover. Skeianda et små virvellause dyr inkludert krepsdyr og blautdyr. Dessutan vegatabilsk føde som frø og planterestar.[2]
Hekkeområdet er vidt i Palearktis og vestlege Nord-Amerika, omtrent i området 40–60° nord. Dei overvintrar sør for hekkeområdet og nord for ekvator i Amerika, Europa inkludert Storbritannia, Afrika og sørlege Asia.
Reiret vert gøymt i vegetasjonen nær vatn og er bygt av gras og dun. Skeianda legg 8–10 gulkvite egg i april-juni. Hoa rugar i 23–25 dagar og ungane er flygedyktige etter 40–45 dagar.
Remove ads
Utbreiing i Noreg
I Sør-Noreg er det få eksemplar av desse fuglane, og dei opptrer sporadisk i Nord-Noreg. Talet på observasjonar aukar. Skeiendene hekkar få om gongen ved grunne innsjøar med rik vegetasjon rundt Oslofjorden og frå Møre til Helgeland. Skeiendene er trekkfuglar som kjem i april og reiser att i september-oktober. Hekkefuglar frå Noreg overvintrar truleg i Europa og Nord-Afrika.
Arten er lista i norsk raudliste i kategorien sårbar, (VU).

Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads