Ski kommune

tidlegare kommune i Akershus fylke i Norge From Wikipedia, the free encyclopedia

Ski kommune
Remove ads

Ski var ein kommune i Akershus fylke. Kommunen grensa til Oppegård og Oslo kommune i nord, Enebakk og Hobøl i aust, Ås i sør og mot Frogn i vest. Den 1. januar 2020 vart kommunen slegen saman med Oppegård kommune til Nordre Follo kommune.[1]

Thumb
Kråkstad kyrkje, ei av dei to mellomalderkyrkjene i Ski
Foto: Øyvind Holmstad
Thumb
Ski stasjon snur mange lokaltog frå Oslo.
Foto: Trond Strandsberg
Kjappe fakta Land, Fylke ...

Ski var òg namnet på administrasjonssenteret i kommunen. Ski fekk sommaren 2004 bystatus, og er eit knutepunkt for jarnbanen i Oslo-området. Ski er regionsenter for Follo-området.

Namnet «Ski» kjem frå den gamle forma Skeidi. Skeidi er igjen ei avleiing av ordet skeid, som tyder ein stad der ein held kappløp eller kappriding. Ski kommune har hestehovud i sitt kommunemerke.

Kommunen omfatta tettstadane Ski (om lag 12000 innbyggjarar), Langhus (15000), Kråkstad (2000) og Siggerud (1000).

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads