Skilling species

From Wikipedia, the free encyclopedia

Skilling species
Remove ads

Skilling species er ein norsk skillingsmynt som vart utmynta frå 1816 til 1875. Det gjekk på denne tida 120 skilling species på ein spesidalar, og 24 skilling species på ei ort.

Thumb
1 skilling, frå 1816. Koppar. Advers til venstre. Revers til høgre

I sølvverdi tilsvarte skilling species den skillingen som vart utmynta på 1700-talet. Ein riksdalar kurant hadde ein offisiell verdi på 80 % av ein riksdalar specie, og på 1700-talet gjekk det 96 skilling på ein riksdalar kurant, mens det etter 1816 gjekk 120 skilling på ein spesidalar.

Ved overgangen til kronemynt, skulle ein skilling tilsvare 3 1/3 øre.

Remove ads

Valørar

Under Karl II, som i Sverige vart kalla Carl XIII og derfor brukte initialane C XIII, vart det utmynta einskilling i kopar og åtteskilling i sølv. Under Karl Johan, med initialane C XIV JOH, vart det i tillegg utmynta halvskilling og toskilling i kopar, toskilling i sølv, fireskilling i sølv og tjuefireskilling eller ortmynt i sølv. Med Karl IV (C XV) kom treskilling og tolvskilling i sølv.

Myntane hadde på reversen teksten «SKILLING SPECIES» til 1824, sidan «Sk», «SKILLING» eller «SKILLING SKILLEMYNT». Myntane som var prega under Oskar II i 1874 og 1875, hadde verdien oppgitt i både skilling og øre: «10 øre/3 skilling», «50 øre/15 skilling» og «1 krone/30 skilling».

Norsk skilling species 1816-1875

Meir informasjon Valør, Metall ...
Meir informasjon Valør, Metall ...
Meir informasjon Valør, Metall ...
Meir informasjon Valør, Metall ...
Meir informasjon Valør, Metall ...
Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads