Skirnesmål
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Skirnesmål (norrønt Skírnismál) er eit kvad frå den eldre Edda. Diktet handlar om korleis guden Frøy snik seg til å sitja på hovdingsetet Lidskjalv og får auge på jotundottera Gjerd. Sjuk av lengt sender han felagen sin Skirne på friarferd til Gjerd i Jotunheimen.[1]

Skirne prøver først å lokka henne, men trugar henne sidan til å gifta seg med Frøy, og til sist gjev Gjerd etter. Diktet endar med at vennen kjem tilbake frå ferda med denne glade bodskapen, men Frøy tek det tungt: Han må framleis venta fleire dagar på den vene jenta.
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads