Skjerstad

tidlegare kommune i Nordland fylke i Noreg From Wikipedia, the free encyclopedia

Skjerstad
Remove ads

Skjerstad er ein tidlegare kommune i Nordland fylke.[1] 1. januar 2005 vart Skjerstad innlemma i Bodø kommune, med servicetorg i Misvær. Den 1. januar 2004 hadde kommunen 1 030 innbyggjarar.

Kjappe fakta Land, Fylke ...

Namnet «Skjerstad» er opphavleg eit gardsnamn, norrønt Skírastaða. Fyrste leddet er truleg eit elvenamn som kan koma av skírr, 'rein, klar'.[1]

Området ligg sør for Skjerstadfjorden, den midterste delen av Saltfjorden, som skjer seg inn frå Bodø. Då kommunen vart oppretta i 1837 dekka han område på begge sider av Skjerstadfjorden. I 1963 gjekk områda på nordsida inn i dåverande Bodin kommune, seinare ein del av Bodø.[1]

Skjerstadfjorden er 32 km lang og opp til 8 km brei. Frå sør går den 16 km lange Misværfjorden opp til Skjerstadfjorden. Området er svært berglendt, og Lurfjelltind når 1284 meter over havet.

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads