Skjor
art i kråkefamilien From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Skjor (Pica pica) eller skate er ein stor fugl i kråkefamilien. Ho er standfugl i Europa, store delar av Asia og i Nordvest-Afrika, og er vanleg å sjå i Noreg.
Remove ads
Skildring
Skjora er ein langstjerta fugl med eit karakteristisk mønster i svart og kvitt. Dei svarte fjørene har ein metallskinnande glans i blått, grønt og lilla. Ho kan også vere heilt kvit (albino), som vist på biletet under.

Foto: Svein Jan Hjelmeset
Skjora trivst best i ope landskap, og ho lever i heile Noreg, heilt opp til bjørkebeltet. Ho er ein standfugl, det vil seie at ho er her heile året.[2]
Skjora er altetar. Skjora drep sjeldan byttet sjølv, sidan ho er ein åtselfugl slik som slektningane sine, kråka og ramnen.
Skjora byggjer reir i tre, buskar, under husmøne osb. Alt etter om ho legg reiret høgt eller langt nede i eit tre, har frå gammalt av vore vermerke for resten av sommaren.[3][4] Ho legg 6-8 egg i april-mai. Rugetida er 17-19 dagar.
Remove ads
Galleri
- Egg
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads