Skogn
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Skogn er ei bygd og tettstad i Levanger kommune i Trøndelag fylke. Folketalet i tettstaden er 1 935 innbyggjarar per 1. januar 2024.
Skogn var tidlegare eit prestegjeld i Sør-Innherad prosti i Nidaros bispedøme i Den norske kyrkja med sokna Alstadhaug, Ekne og Markabygda.
Skogn er det gamle namnet på det som i dag er Levanger og Mosvik kommunar. I yngre jarnalder (vikingtida) var namnet på området Skeynafylki. Området har alltid vore eit rikt jordbruksområde, og jordbruk er framleis ein viktig næringsveg i bygda.
Fram til 1836 tilsvara Skogn det som i dag er Levanger kommune bortsett frå Åsen. Då vart Levanger by skild ut som bykommune, og Levanger landsokn (seinare Frol) og Ytterøy vart skilde ut som eigne herad frå 1837.
I samband med kommunesamanslåingsprosessen på 50- og 60-talet vart det tale om å slå saman igjen herada og Levanger by til ein ny kommune. I tillegg vart Åsen herad med. Dette gjekk igjennom ganske udramatisk, mykje av di dei som planla å investere i ny papirfabrikk på Skogn la sterkt press for å få det til. Fire av kommunane gjekk saman i 1962, medan Ytterøy kom til i 1964.

Papirfabrikken Nordenfjelske treforedling starta i 1966, noko som vart oppstarten til Norske Skog.
Remove ads
- Anders Henriksson Sandstad, gardbrukar og stortingsmann
- Oscar Lynum, bilethoggar
- Gustav Sjaastad, statsråd
- Ragna Berget Jørgensen, stortingsrepresentant
- Eldar Rønning, langrennar

Foto:
Alasdair McLellan
Bakgrunnsstoff
- Levanger kommune: liste over ordførarar i Skogn herad 1838-1961 Arkivert 2004-10-15 ved Wayback Machine.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads