Levanger kommune
kommune i Trøndelag fylke i Noreg From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Levanger kommune (sørsamisk: Lievangken tjïelte) ligg i Trøndelag fylke. Han grensar i nordaust mot Verdal, i sør mot Stjørdal og i sørvest mot Frosta. Over Trondheimsfjorden ligg Inderøy kommune. Det som i dag er Levanger kommune er eit resultat av kommunesamanslåingsprosessen i 1962 og 1964, og var tidlegare kommunane Levanger, Skogn, Frol, Åsen og Ytterøy.
Byen Levanger ligg ved Trondheimsfjorden. Han har hatt bystatus to gonger, fyrst frå 1836 og fram til kommunesamanslåinga i 1962, deretter fekk han igjen bystatus i 1997. Hovudnæringar i kommunen er jordbruk med sine 120 km² med jordbruksareal, industri og offentleg verksemd.
Remove ads
Næringsliv
Det finst spor av handel i Levanger-området heilt frå jarnalderen. Byen ligg sentralt, med tilgang til sjøen, veg og jarnbane til Jamtland i Sverige og Trondheim i sør.
Den viktigaste industriverksemda i Levanger kommune er Norske Skogs papirfabrikk som sysselset om lag 650 årsverk på tettstaden Skogn. Gjennom 1990-talet har det vore freistnader på å byggje eit gasskraftverk i tilknyting til papirfabrikken, noko som vart godkjent av Stortinget. Planane er igjen aktuelle etter at gassrøyrleidning inn Trondheimsfjorden ser ut til å koma på plass (2005).
Sjukehuset Levanger har om lag 1000 årsverk, og er såleis den største einskildverksemda i fylket.
Remove ads
Kjende personar frå Levanger
- Paul Okkenhaug (1908–1975), komponist
- Erling Folkvord (f. 1949), politikar for Raud Valallianse
- Marit Breivik (f. 1955), landslagstrenar i handball for kvinner
- Per Sandberg (f. 1960), politikar (Skogn)
- Knut Knudsen, syklist
- Andreas Lunnan, programmedarbeidar i NRK
Sjå òg
- Marsimartnan
- Høgskolen i Nord-Trøndelag
Bakgrunnsstoff
- Levanger kommune sine heimesider
- Levanger bibliotek sine heimesider Arkivert 2005-04-14 ved Wayback Machine.
- Levanger-Avisa sine heimesider Arkivert 2000-03-01 ved Wayback Machine.
- Levanger Historielag sine heimesider
- Helse Nord-Trøndelag sine heimesider
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads