Skorpesundet
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Skorpesundet er eit sund mellom øyane Skorpa og Nerlandsøya i Herøy kommune på Sunnmøre.
Sundet er om lag 2 km breitt på det breiaste.
Under andre verdskrigen var Skorpesundet ein av dei viktigaste kanalane inn til Noreg for Shetlandsbussen. Det er ikkje busetjing i vestre enden mot havet, noko som gjorde at ein kunne kome seg usett til dei indre farvatna. I tillegg stoppa mange av båtane på Skorpa, der dei sette av agentar eller tok på soldatar, flyktningar, og ved eit par tilfelle, Shetlands-Larsen, som skulle til England. På skorpesida av sundet låg der mellom anna eit sommarfjøs som vart mykje nytta som skjulestad.
Remove ads
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads