Lygesoge
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Remove ads
Lygesoge, lygesaga eller skrøne er ei forteljing som er tydeleg oppspinn, og inneheld utrulege framstillingar av hendingar. Dei nytter ofte overdriving, og kan til dømes ha form som jakt- eller fiskeskrøner. Mange av dei har ein namngjeven, meir eller mindre mytisk person som hovudfigur.

Slike soger kan vera ei form for skjemteeventyr kjend som lygeeventyr. Slike eventyr inneheld gjerne berre ein episode, men kan også setjast saman til lengre forteljingar. Desse eventyra har Aarne-Thompson-nummer 1875–1999.[1]
Nokre kjende skrøner som har fått litterær form er forteljingane om baron von Münchhausen. Lygesoger er kjend frå USA-amerikansk folklore, og har inspirert forfattarar som Washington Irving (i History of New York, 1809) og Mark Twain (i Life on the Mississippi, 1883).[2]
Remove ads
Personar knytte til lygesoger
- Martin Kvennavika, skipperen på Survikjekta
- Johnny Appleseed, amerikansk spreiar av eple
- Paul Bunyan, ein gigantisk amerikansk tømmerhoggar
- Mike Fink, amerikansk sjømann på Mississippi
- Davy Crockett, amerikansk skyttar
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads