Sky Pilot
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«Sky Pilot» er ein song frå 1968 av Eric Burdon & The Animals, frå albumet The Twain Shall Meet. Songen vart delt i to delar og gjeven ut som singel med dei to delane på kvar si side. Som «Sky Pilot (Parts 1 & 2)» nådde singelen 14. plass i USA og 15. plass i Canada.
«Sky Pilot» er namnet på ein feltprest.
Besetninga på songen er Eric Burdon på solovokal, Vic Briggs på gitar, John Weider på gitar og elektrisk fiolin, Danny McCulloch på bassgitar og Barry Jenkins på trommer.
Songen er ein ballade-aktig scene som er teken rett ut frå livet om ein feltprest som velsignar soldatane like før dei skal ut på ein nattleg patrulje eller raid, og så ventar på at dei skal kome attende.
Songen vert universelt tolka som ein antikrigssong. Det er ingen openberre antikrigsmeldingar, men inga lovprising av krig heller. Krigen det er snakk om vert vanlegvis rekna for å vere Vietnamkrigen.
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Sky Pilot (song)» frå Wikipedia på engelsk, den 17. desember 2011.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads