Slagbenk

From Wikipedia, the free encyclopedia

Slagbenk

Slagbenk er eit møbel som fungerer som ein benk men som også kan opnast opp til ei seng. Møbelet blei brukt som seng på nattetid og som benk om dagen.[1]

Thumb
Lukka slagbenk.
Thumb
Opna slagbenk.

Ein slagbenk er gjerne utforma slik at ein kan slå opp setet og festa det til ryggstøet. Ofte er underdelen også ei uttrekksskuff, slik at ein kan gjera senga større ved behov.[2]

Møbelet har vore utbreidd i Skandinavia. I Danmark er det kjent frå 1500-talet. I Noreg var slagbenken særleg vanleg på 1800-talet.[2]

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.