Slaget ved Liegnitz i 1760

From Wikipedia, the free encyclopedia

Slaget ved Liegnitz i 1760
Remove ads

Slaget ved Liegnitz vart utkjempa 15. august 1760 og Fredrik den store og den prøyssiske armeen hans slo austerrikarane under Ernst Gideon von Laudon.

Kjappe fakta Dato, Stad ...
Kjappe fakta

Armane braka saman rundt den prøyssiske byen Liegnitz (Legnica) i Schlesien. Det austerrikske kavaleriet til Laudon gjekk til åtak på den prøyssiske stillinga tidleg om morgonen, men vart slått tilbake av hussarane til general Zieten. Ein artilleri duell oppstod og vart til slutt vunne av prøyssarane då ei granat trefte ei austerriksk krutvogn. Det austerrikske infanteriet gjekk så til åtak på den prøyssiske linja, men vart møtt med tett kanoneld. Det prøyssiske infanteriet gjekk til motåtak leia av regiment Anhalt-Bernburg på venstreflanken, og tvinga austerrikarane i retrett.

Kort tid etter mørket senka seg var den verste kampen over, men det prøyssiske artilleriet heldt fram skota mot austerrikarane. General Leopold von Daun kom til staden og fekk vite om nederlaget til Laudon. Sjølv om han hadde med seg ein stor, utkvilt arme, valde han å ikkje gå til åtak.

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads