Slaget ved Nassau i 1720

From Wikipedia, the free encyclopedia

Slaget ved Nassau i 1720
Remove ads

Raidet mot Nassau (eller Slaget ved New Providence) fann stad i februar 1720 då ein spansk styrke prøvde å angripe den britiske busetnaden Nassau under kvadrupelalliansekrigen.

Kjappe fakta Raidet mot Nassau, Dato ...
Kjappe fakta

Den spanske styrken på 1200 mann var hovudsakleg kubanarar og kommandert av José Cornejo. Trugselen om ein spansk invasjon hadde plaga New Providence det siste året, stoppa busetnaden på øya og gjort at dei bygde Fort Nassau, med 50 kanonar og ein garnison på 250 soldatar. Dei første planane var å angripe byen frå Nassau hamn, men dette vart endra då spanjolane oppdaga to britiske krigsskip i hamna: flaggskipet til guvernøren, «Delicia» og fregatten HMS «Flamborough». Dei tunge linjeskipa til Spania stakk for djupt for det grunne farvatnet i hamna. Cornejo valde å gå om byen og den spanske skvadonen sneik seg austover langs Hog's Island og sette i land tre kolonnar og plyndra mykje gods før dei vart drivne attende av den 500 mann store militsen til guvernør Woodes Rogers. Dei spanske skipa låg i bukta ei stund før dei trekte seg attende.[2]

Cornejo segla etter kvart av stad med over 100 fanga slavar. Rogers, klarte ikkje å gje løn til garnisonen og med dårlegare helse, segla han kort tid etter attende til England. Guvernøren hadde brukt den personlege formuen sin på forsvaret av Nassau. Storbritannia og Spania forhandla fram fredsavtale året etter.

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads