Slaget ved Soor

From Wikipedia, the free encyclopedia

Slaget ved Soor
Remove ads

Slaget ved Soor fann stad 30. september 1745 i Böhmen. Preussen under Fredrik den store slo ein samla hær frå Austerrike og Sachsen leia av fyrst Karl Aleksander av Lorraine under den austerrikske arvefølgjekrigen. Etter eit par tidlege tilbakeslag klarte Fredrik og prøyssarane til slutt å vinne slaget.

Kjappe fakta Dato, Stad ...
Kjappe fakta
Remove ads

Bakgrunn

Tre månader etter slaget ved Hohenfriedberg utnytta fyrst Karl den henslengte leiren Staudenz som Fredrik hadde sett opp og gjekk til eit overraskingsåtak på den reduserte prøyssiske hæren. Fredrik hadde lagt igjen fleire avdelingar under marsjen sin gjennom Böhmen og manntalet var redusert til 22 500 mann. Fyrst Karl oppdaga så at Karl ikkje hadde okkupert åsen Graner-Koppe, som låg nord for Burkersdorf, og som dominerte landskapet i aust og sør. Karl sende opp musketerar, grenaderar, kavaleri og 16 kanonar, og strekte resten av hæren sin i ei linje i sør.

Remove ads

Slaget

Prøyssarane oppdaga at austerrikarane var nær og gjekk til åtak først, trass i at austerrikarane hadde overraskingsmomentet og terrenget på si side. Dei marsjere i kolonnar og Fredrik styrte hæren sin mot nord der slaget opna med ein austerriksk kanonade mot dei hjelpelause kavalerikolonnane då dei passerte nedanfor Graner-Koppe. Kavaleriet stod imot elden og grupperte seg nord for åsen.

General Buddenbrock sine kavaleristar opna åtaket med å drive dei austerrikske hestane ned frå høgda. Kavaleriåtaket sprang derimot inn i det austerrikske infanteriet og vart jaga tilbake av geværeld. Graner-Koppe vart så angripe av infanteristane. Dei prøyssiske elitegrenaderane marsjerte opp rett føre kanonane og vart sterkt redusert av kanon- og geværeld. Den andre linja sprang framover og kjempa seg gjennom dei austerrikske grenaderane, tok toppen og sette det farlege batteriet ut av spel.

Samstundes var den austerrikske høgreflanken i ein fråskild kamp mot prøyssarane som prøvde å ta landsbyen Burkersdorf. Etter å ha nesten køyrt seg fast mot eit anna batteri nær landsbyen klarte troppane til Ferdinand av Braunschweig til slutt å bryte gjennom midten av austerrikarane. Austerrikarane forlet slagmarka og Fredrik kom seg unna ei av dei største knipene han møtte i karrieren sin.

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads