Slitu
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Slitu er ein tettstad i Indre Østfold kommune i Østfold. Han har 811 innbyggjarar per 1. januar 2024 og ligg halvvegs mellom Mysen i aust og Askim i vest langs E18. Staden har både industri, handel og jordbruk. Namnet kjem frå garden Slitu. Sjølve ordet Slitu tyder 'slette'.
Tenor kyrkjeruin på Slitu viser restar av ei lita mellomalderkyrkje frå 1200-talet. Kyrkja var eit anneks til Eidsberg kyrkje. Etter konserveringsarbeid blei anlegget offisielt opna med gudstjeneste og dåp i juni 2008.
Remove ads
Historie

Foto: O. Skarbø via Nasjonalbiblioteket
Slitu var frå gammalt av eit viktig handelssentrum. Jernbanestasjonen her opna i 1882 langs Østre linje av Østfoldbanen.
Tettstaden låg i Eidsberg kommune og dels i Trøgstad kommune[1] i Østfold fram til regionsreforma i 2020.
Kjende folk frå Slitu
- Vibeke Skofterud, skiløpar
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads