Sliven
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Sliven (bulgarsk Сливен) er ein by og ein kommune i provinsen Sliven søraust i Bulgaria, og er hovudstad i provinsen. Kommunen omfattar byane Sliven og Kermen, i tillegg til 43 andre busetnader.
Sliven er den niande største byen i Bulgaria og er kjend for dei bulgarske innbyggjarane som kjempa mot ottomanarane på 1800-talet.
I 1834 oppretta Dobri Zjeljazkov den første fabrikken i Bulgaria, og starta med det den industrielle utviklinga i landet. Sliven var eit av dei største industrisentera i Bulgaria, og spelte ei viktig rolle i å byggje opp landet på nytt. Byen har lange tradisjonar innan tekstilproduksjon, maskinbyggjing, og glasproduksjon, og teknisk- og matindustri.
Remove ads
Areal og folketal
Kommunen har eit areal på 1 354 km2.[1] Ved folketeljinga i 2021 hadde kommunen 112 890 innbyggjarar, medan sjølve byen hadde 80 467 innbyggjarar.[2]
Til storbyområdet for Sliven blir rekna heile kommunen.[3]
Dei største busetnadene i kommunen er:
Remove ads
Kjelde
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads