Slow Burn

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

«Slow Burn» er ein song av den engelske musikaren David Bowie. Han kom ut som den første singelen frå det 22. studioalbumet hans Heathen den 3. juni 2002. Songen kom ikkje på singel i Storbritannia. Det vart ikkje gjevne ut nokre singlar frå Heathen i Storbritannia før i september då «Everyone Says 'Hi'» kom ut.[1] Pete Townshend speler gitar på songen. Songen vart nominert til Grammyprisen for beste mannlege rockesong.

Meir informasjon B-side, Låtskrivar(ar) ...
Remove ads

Singelomslag

Omslaget på singelen var fotografert av Markus Klinko der Bowie går framover med ein baby i armane. Det er sett saman av to bilete. Hovudet til Bowie er sett oppå hovudet til ein mannleg modell.[2]

Musikkvideo

Musikkvideoen til «Slow Burn» vart regissert av Gary Koepke, og kom ut i 2002.[3] Ein musikkvideo for «Slow Burn» vart lasta opp til den offisielle DavidBowieVEVO YouTube-kanalen den 23. mars 2011. Videoen syner Bowie kledd i kvitt medan han syng songen i eit platestudio. I bakgrunnen går ei jente rundt i det mørke kontrollrommet og rører stundom på utstyr og miksepulten. Videoen er ein redigert versjon av songen.[4]

Remove ads

Konsertopptak

Songen vart framført på fleire TV-show i 2002, men vart berre framført på dei to første konsertane på Heathen-turneen[5] og under ein promokonsert i Sony Music Studios i New York mellom dei to konsertane.

Innhald

CD-ar

  1. «Slow Burn» – 4:43
  2. «Wood Jackson» – 4:48
  3. «Shadow Man» – 4:46
  • ISO-Columbia / COL 672744 2 (Austerrike)
  1. «Slow Burn» – 4:43
  2. «Wood Jackson» – 4:48
  3. «Shadow Man» – 4:46
  4. «When the Boys Come Marching Home» – 4:46
  5. «You've Got a Habit of Leaving» – 4:51
  • Sony / SICP-162 (Japan)
  1. «Slow Burn» (edit) – 3:55
  2. «Shadow Man» – 4:46
  3. «When the Boys Come Marching Home» – 4:46
  4. «You've Got a Habit of Leaving» – 4:51
  5. «Baby Loves That Way» – 4:44
Remove ads

Medverkande

Remove ads

Salslister

Meir informasjon Liste (2002), Plassering ...

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads