Slumdog Millionaire
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Slumdog Millionaire – Han som hadde svar på alt er ein britisk film frå 2008 regissert av Danny Boyle. Filmen er basert på boka Q&A av Vikas Swarup, og er spelt inn i India. Filmen vann publikumsprisen under Toronto Internasjonale Filmfestival i 2008.

Filmen følgjer gatebarnet Jamal Malik frå han er ein ung gut til han som ein ung mann deltek i den indiske versjonen av Vil du bli millionær?. Gjennom spørsmåla vert Jamal si historie fortald.
Danny Boyle ynskte opphavleg ikkje å lage ein film om Vil du bli millionær?, men då han fann ut at manusforfattar var Simon Beaufoy, som hadde skrive manus til ein av Boyles britiske favorittfilmar, I blanke massingen, valde han å lese manuset.
Filmen er blant anna spelt inn i slummane Dharavi og Juhu i Mumbai og ved Taj Mahal.
Slumdog Millionaire – Han som hadde svar på alt hadde norsk premiere 23. januar 2009.
Remove ads
Prisar
Filmen vann åtte av de ti prisane han var nominert til under Oscar-utdelinga i 2009, blant anna for beste film og beste regi[5] og blei kåra til beste film i 2008 av The National Board of Review. Filmen var nominert i fire kategoriar under 2008-utgåva av Golden Globes, og vann alle fire: for beste dramafilm, beste regissør, beste manus og beste filmmusikk.[6]
Her i Noreg vann han Amandaprisen for beste utanlandske kinofilm i 2009.
Remove ads
Referansar
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads