Sly Stone

amerikansk songar og gitarist From Wikipedia, the free encyclopedia

Sly Stone
Remove ads

Sylvester Stewart (fødd 15. mars 1943), betre kjend under scenenamnet Sly Stone, er ein USA-amerikansk musikar, låtskrivar og plateprodusent. Han er mest kjend som frontmann i Sly and the Family Stone, som spelte ei viktig rolle i utviklinga av soul, funk, rock og psykedelia i 1960- og 1970-åra.[1]

Kjappe fakta Fødd, Fødestad ...

Stone voks opp i California og meistra fleire instrument i tidleg alder, og spelte gospel som barn med syskena (og framtidige bandkollegaene) Freddie og Rose. I midten av 1960-åra arbeidde han både som plateprodusent for Autumn Records og DJ for radiostasjonen KSOL i San Francisco. I 1966 skipa Stone Sly & the Family Stone, som var blant dei første rasemessige integrerte gruppene i popmusikken med både mannlege og kvinnelege medlemmar. Gruppa fekk hittar som «Dance to the Music» (1968), «Everyday People» (1968), «Thank You (Falettinme Be Mice Elf Agin)» (1969) og «Family Affair» (1971) og kritikarroste album som Stand! (1969) og There's a Riot Goin' On (1971).

I midten av 1970-åra førte dopproblema og den ureknelege oppførselen hans til at gruppa vart oppløyst og han spelte inn ei rekkje, lite suksessrike soloalbum. I 1993 vart han innlemma i Rock and Roll Hall of Fame som medlem av gruppa.[2]

Remove ads

Diskografi

  • 1967: A Whole New Thing
  • 1968: Dance to the Music
  • 1968: Life
  • 1969: Stand!
  • 1970: Greatest Hits (Inneheld hitsinglar som ikkje finst på andre album: «Everybody Is a Star», «Hot Fun in the Summertime», «Thank You (Falettinme Be Mice Elf Agin)»)
  • 1971: There's a Riot Goin' On
  • 1973: Fresh
  • 1974: Small Talk
  • 1975: High on You (berre oppført som «Sly Stone»)
  • 1976: Heard Ya Missed Me, Well I'm Back
  • 1979: Back on the Right Track
  • 1982: Ain't but the One Way
  • 2009: The Woodstock Experience (samling av konsertopptak)
  • 2011: I'm Back! Family & Friends (berre oppført som «Sly Stone»)
Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads