Smokie

From Wikipedia, the free encyclopedia

Smokie
Remove ads

Smokie er eit britisk rockeband som var populært på 1970-talet i Europa, spesielt i Tyskland. Den største hiten deira var Living Next Door to Alice frå 1976.

Kjappe fakta Opphav, Aktiv ...
Remove ads

Oppstarten (1965–1974)

Bandet vart starta opp i 1965 under namnet Essence av Chris Norman (vokal/gitar), Terry Uttley (bass/bakgrunnsvokal), Ron Kelly (trommer) og Alan Silson (gitar/bakgrunnsvokal, og av og til hovudvokal). Bandet hadde fleire namnebyte: i 1968 skifte dei namn til The Elizabethans i 1968, og i 1970 til Kindness.

I 1968, slutta Ron Kelly i bandet, og vart erstatta av Pete Spencer, ein trommeslagar som hadde spelt for fleire mindre band før dette.

Remove ads

Chris Norman (1975–1986)

I 1974 skifte gruppa namn til Smokey, og dei to fyrste albuma deira (Changing All the Time og Pass It Around frå 1975) brukar dette namnet. I 1976 bestemte gruppa seg for å endra skrivemåten til Smokie, for å unngå forveksling med songaren Smokey Robinson.

Alan Barton (1986–1995)

Alan Barton tok over då Chris Norman slutta i 1986. Også Pete Spencer slutta i Smokie same året, og starta med låtskriving for andre band. Diverre, i 1995, då bandet skulle til flyplassen i Düsseldorf i Tyskland, krasja bandbussen til Smokie, og Terry Uttley, Alan Barton og Alan Silson vart skadde, Alan Barton verst, slik at han døydde etter 5 dagar på sjukehuset.

No (1996–)

Etter at Barton hadde døydd på ein slik brå og trist måte, tok Mike Craft i 1995 over. Albumet The World and Elsewhere frå 1996, var det siste albumet der Alan Silson medverka, før han slutta i 1996. No spelar Smokie mest i Noreg, og då oftast i Bodø. Terry Uttley er einaste gjenverande originalmedlem.

Diskografi

MERK: Samlealbum skal ikkje vere inkludert her

  1. Pass it Around (1975)
    • Med Chris Norman
  2. Changing All the Time (1975)
    • Med Chris Norman
  3. Midnight Cafe (1976)
    • Med Chris Norman
  4. Smokie (1977)
    • Med Chris Norman
  5. Bright Lights & Back Alleys (1977)
    • Med Chris Norman
  6. Live: The Concert (1978)
    • Med Chris Norman
  7. The Montreaux Album (1978)
    • Med Chris Norman
  8. The Other Side of the Road (1979)
    • Med Chris Norman
  9. Strangers in Paradise (1981
    • Med Chris Norman
  10. Midnight Delight (1982)
    • Med Chris Norman
  11. All Fired Up (1988)
    • Med Alan Barton
  12. Boulevard of Broken Dreams (1989)
    • Med Alan Barton
  13. Whose Are These Boots (1990)
    • Med Alan Barton
  14. Chasing Shadows (1992)
    • Med Alan Barton
  15. Burnin' Ambition (1993)
    • Med Alan Barton
  16. Greatest Hits Live (1993)
    • Med Alan Barton
  17. Celebration (1994)
    • Med Alan Barton
  18. The World & Elsewhere (1995)
    • Med Mike Craft (Siste album der Alan Silson medverkar på gitar, før han blir erstatta året etter med Mick McConnell)
  19. Light a Candle (The Christmas Album) (1996)
    • Med Mike Craft
  20. Wild Horses (The Christmas album) (1998)
    • Med Mike Craft
  21. Uncovered (2000)
    • Med Mike Craft
  22. Uncovered Too (2001)
    • Med Mike Craft
  23. On the Wire (2004)
    • Med Mike Craft
  24. From the Heart (2006)
    • Med Mike Craft
  25. Eclipse (2008)
    • Med Mike Craft
Remove ads

Kjelde


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads