Snåsa kommune

kommune i Trøndelag From Wikipedia, the free encyclopedia

Snåsa kommune
Remove ads

Snåsa (sørsamisk: Snåase) er ein kommune i Trøndelag fylke som grensar til Steikjer, Verdal, Lierne, Grong og Overhalla. Han ligg nær det geografiske midtpunktet i Noreg.

Kjappe fakta Land, Fylke ...

Han er eit kjerneområde for sørsamisk, og 3-4 % av innbyggjarane står i Samemanntalet. Snåsa vedtok i september 2004 å ha både norsk og sørsamisk som administrasjonsspråk, og 1. januar 2008 vart kommunen, som den første i sørsamisk område, innlemma i Samisk språkforvaltingsområde, og dermed offisielt tospråkleg.[1]

Remove ads

Natur

Sentrum ligg ved den nordaustre enden av Snåsavatnet, som er den sjette største innsjøen i Noreg. Det er eit av over 2 500 fiskevatn som finst i kommunen. Nesten halvparten av kommunen er lagt ut som nasjonalpark. Snåsa er den nordlegaste staden i Noreg for fleire planteartar, som svart-or, fruesko og myrkongle.

Orkideen marisko er avbilda i kommunevåpenet.

Næring

Næringslivet i Snåsa er i stor grad landbruk, med industri utvikla med utgangspunkt i naturprodukt i kommunen, som tømmer og stein.

Kommunen er eit trafikknutepunkt som både Europaveg 6 og Nordlandsbanen går gjennom.

Verd å vitja

  • Bergsåsen naturreservat på ein kalkrygg sentralt i Snåsa
  • Blåfjella-Skjækerfjella Nasjonalpark
  • Gaundalen og Gjefsjø, to av tre norske fjellgardar som framleis er i drift
  • Finsås, skogmuseum
  • Megard kyrkestad, som har ei kjelde som skal vera signa av Heilag-Olav
  • Saemien Sijte, kultursenter for den sørsamiske kulturen
  • Snåsa Bygdemuseum i Viosen
  • Snåsa kyrkje, ei steinkyrkje der dei eldste delane er frå det 13. hundreåret

Referansar

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads