Snøull

From Wikipedia, the free encyclopedia

Snøull
Remove ads

Snøull er ei plante i storrfamilien. Arten har ei sirkumpolar utbreiing. Planta vert kring 20 cm høg og har stive runde strå. Blada er trådsmale og litt renneforma. Akset er rundt. Aksskjela smalnar oppover frå grunnen, dei er gråsvarte med brun topp og ikkje gjennomskinlege. Planta har kvit ull. Mjølknappen er knapt 1 mm. Snøull blomstrar kring juni månad på myrmark og våt sand, helst i snøleger. Han veks mest til fjells, men òg ned i låglandet i Noreg. Snøull veks frå Setesdalen til Finnmark i Noreg, og er funnen opp til 1800 m i Jotunheimen.

Kjappe fakta
Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads