Sofus Arctander

norsk politikar From Wikipedia, the free encyclopedia

Sofus Arctander
Remove ads

Sofus Anton Birger Arctander (22. januar 184511. august 1924)[note 1][1][2] var ein norsk politikar, lærar og sorenskrivar. Nils Arctander var bror hans.

Kjappe fakta Fødd, Død ...

Som politikar representerte han partiet VenstreStortinget i fleire periodar. Han arbeidde som fullmektig og sorenskrivar i Lofoten. Han var ordførar i Hadsel 1875–1878, frå 1879 var han stortingsmann.[2]

Arctander var indreminister i Johan Sverdrups regjering (1884–88) og handelsminister i Christian Michelsens regjering frå 1905, frå 31. august til 23. september 1905 var han konstituert statsminister. Han var handelsminister i Regjeringa Løvland 28. oktober 1907–19. mars 1908 og i Regjeringa Konow 2. februar 1910–11. juni 1910.[2] Andre verv han hadde var borgarmeister i Bergen, tollskrivar i Oslo og president i Odelstinget.

Han var aktiv i Nordlendingenes Forening. I 1912 fekk han Petter Dass-medaljen.

Arctander vart 1. juli 1887 utnemnd til kommandør av 1. klasse av St. Olavs Orden «for fortjenstfuld embedsvirksomhed».

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads